Hardbagg IL
[imagemap]

Hardbagg IL held til i området Randabygda/Hopland og er arrangør av NM'96 saman med Veten og Markane.

Laget har lange og gode tradsisjonar frå skisporten. Særleg har namn som Aaland og Tvinnereim gått igjen på lister frå skirenn gjennom heile dette århundret. Nemnast bør Rolv Tvinnereim, som i 50-åra dominerte langrenn- sporten i Sogn og Fjordane og plasserte seg høgt I Noregsmeisterskapen.

Hardbagg sin mest kjende idrettsutøvar er Per Knut Aaland, som på slutten av 70-åra og opp gjennom 80-åra var heilt i teten i norsk og internasjonalt langrenn. Han deltok m.a. i 4 olympiske leikar. Høgdepunkta i karrieren var 6.plass på 50 km OL 1976, Kongepokal 50 km 1977 og sølvmedalje stafett OL 1980. I tillegg har han fleire NM-gull i stafett, samt ei rekkje individuelle medaljar frå både Noregsmeisterskap og Holmenkollrenn.

Elles har laget fostra mange gode skiskyttarar, både på dame- og herresida. Utøverar frå laget har vore med og sikra Sogn og Fjordane gull i stafett for junior, og i 1995 sølvmedalje på lagkonkurranse for senior. Søskena Alfred og Monja Tytingvåg har fleire individuelle medaljar frå junior-NM, med Alfred sin bronsemedalje på 20 km NM senior 1995 som førebels høgdepunkt.

Også på anleggsida har det vore høg aktivitet, ny lysløype og skiskyttar- anlegg med lys vart opna i 1991.



© Dravle & Klubb 1995-96
14.12.95 15:02