134 løparar går 3-mila
[imagemap]

I alt 134 løparar er påmelde til 3-mila på Ullsheim laurdag. Sør-Trøndelag toppar med 21 løparar. medan Rogaland ikkje har løparar på startstreken. Sistnemnde krins stiller til liks med Nordland heller ikkje stafettlag.

Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Akershus og Oslo er dei desidert leiande skikrinsane i landet og stiller med flest løparar under NM. Det er 10 km med påfylgjande 15 km jaktstart som samlar flest løparar. Då vil heile 152 herrar stille til start. 122 er påmeldt til 5-mila, medan 56 lag skal kjempe om gullet i herrestafetten. Sør-Trøndelag stiller her heile 9 lag mot Sogn og Fjordane sine 2 (Markane og Fjellhug/Vereide).

På kvinnesida er ikkje antalet like imponerande. 67 stiller på 5 km/10 km, 50 på 15 km og 53 er påmelde til maratondistansen over 30 km. 30 lag skal kjempe om dei gjevaste plassane i stafetten. Akershus og Oslo er her dei leiande krinsane. Sogn og Fjordane stiller som kjent ikkje stafettlag. Det gjer heller ikkje Finnmark, Rogaland, Vestfold, Østfold, Aust-Agder eller Telemark. Vårt eige fylke stiller saman med Østfold og Vestfold ikkje med ein einaste kvinneleg løpar under NM!

I kombinert er det påmeldt 55 løparar. 15 lag skal konkurrere om dei gjevaste plassane. Når det gjeld hopp, går fristen for påmelding først ut på laurdag.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 17.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01