180 mediafolk på plass under NM
[imagemap]

NRK TV med 25 timar direktesending frå Ullsheim

Snømangelen og Dæhlie-utspelet har gjeve NM-arrangørane enorm mediaomtale dei siste dagane. Og endå meir blir det når sjølve meisterskapen startar. Totalt er det akkreditert 180 personar frå aviser, fjernsyns- og radiostasjonar. NRK TV vil sende 25 timar direkte frå Ullsheim og Stryn Kulturhus. I tillegg kjem reportasjar frå Bjørkelibakken og dei to siste renndagane på Ullsheim.

Bjørn Dæhlie sin uttale om at han berre vil gå NM-stafetten søndag, gav toppoppslag i NRK-sporten og TV2-sporten måndag kveld. Nannestad-løparen gjorde det klart at han ville kome til Stryn.
- Eg tek med meg rikeleg med bilete og kan love alle born autografar, uttalte verdens beste langrennsløpar. På Tekst-TV same kveld kom meldinga som opnar for at det kan bli aktuelt å gå 10 km og jaktstart onsdag/torsdag. Denne avgjerda blir i så fall teken etter stafetten søndag.

Både aviser, radio og TV har fylgt snøaksjonen frå dag til dag. Laurdag var Dagsrevyen på plass for å vise den store dugnaden på Ullsheim. At dette gjorde inntrykk ut over i landet, har vi fått mange tilbakemeldingar på.

Det er elles grunn til å berømme NRK Sogn og Fjordane for deira innsats. Dei var til uvurderleg hjelp i arbeidet med å skape blest om dugnaden. Det same gjeld lokalavisene i Nordfjord, Sunnfjord og Sunnmøre.

Måndag starta NRK TV med opprigging av utstyret som skal brukast under direktesendingane på Ullsheim. Nordfjord Kommunikasjon har strekt ut 7 kilometer med kabel for å gje dekning frå løypa.

Pressestafett

NM-arrangørane har gjort sitt beste for at tilreisande mediafolk skal få eit triveleg opphald i Stryn. Tysdag blir det pressestafett over 4x2 km på Ullsheim, med etterfylgjande busstur utover Panoramavegen mot Bjørkelibakken og servering på Vangen aktivitetssenter. Om kvelden byr ein på festmiddag og program på pressehotellet Alexandra.

"Tjuvstart" på Ullsheim

Den offisielle opninga av NM skjer på Per Bolstads Plass fredag kveld. Men arrangementet "tjuvstartar" med pressekonferanse på Ullsheim fredag føremiddag. Der stiller Bjørn Dæhlie og Marit Mikkelsplass saman med landslagstrenar Erik Røste, leiar av hovudkomitèen, Inge Fænn og rennleiar langrenn, Arvid Dybevoll.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 17.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01