2000 hylla folkekongen
[imagemap]

Over 2000 menneske tok vegen til Bjørkelibakken laurdag for å sjå hopprennet i kombinert med Hans Majestet kong Harald på plass. Hoppbakken stod fram i sin beste skrud då Blakset Hornmusikk stemde i med "Kongesongen", "Ja, vi elsker og "Stryningenes marsj" under sin dirigent Anette Rogne.

Men før det vart Kong Harald teken i mot på sletta. Ungar og vaksne med norske flagg hylla folkekongen der han sat bak fjordhesten i sluffe opp mot hoppet. Rennleiar i kombinert, Leiv Tvinnereim fekk æra av å fylgje kongen ned til kongetribunen. Alle kunne sjå at kongen frå sitt vindauge hadde stor glede av det han var vitne til.

Frå Bergen til Stryn

Mellom dei som var reist lengst for å oververe hopprennet, var Rikard Kristensen:
- Stryn har fått så enormt mykje god PR at eg måtte reise og sjå kva dette var for noko, sa Rikard som sette seg i bilen fredag kveld.

- Det går raskt oppover etter at Matretunnellen blei ferdig. Under fem timar. I morgon må eg få med meg 5-mila og 3-mila for kvinner før eg vender heim. Dette betyr urtuleg mykje for heile regionen, sa Rikard som har familie i Stryn.

- Favoritten var best

- Vi er på familietur, og eg har mest sans for Bjarte Engen Vik, sa Gry Beate Haugen frå Stardalen som i tillegg til mamma og pappa også hadde med familiefolk frå Leikanger.
- Du må skrive at anlegget er fantastisk fint. Her er det lagt ned eit utruleg arbeid, sa pappa Bjarne Haugen.

Kjelde:Fjordingen, måndag 29.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/21/96 23:04