96 hopparar til NM'96
[imagemap]

Kvalitetsrenn i Bjørkelibakken

- Dette må bli eit kvalitetsrenn. Alle dei beste er på lista, og med laginnsatsen vi har sett i siste World Cup -renna må dette bli ei spennande tevling, seier Per Ove Pedersen til Fjordingen. Pedersen som til dagleg er arrangementsansvarleg i Norges Skiforbund, er teknisk delegert under dei to hopprenna som byrjar med laghopping i kveld.

Den offisielle treninga byrja i går kveld, og med få unnatak er dei beste alt på plass. Nokre ventar til i dag, men i kveld er 11 firemannslag på plass i bakken. Det lovar toppkvalitet. Interessant er det også at Sogn og Fjordane stiller lag. Dei har ikkje noko favorittstempel, men det er fint at dei stiller og viser at vi er i gang også her i fylket. Dei fire på laget er Jarle Molland - sogning som har vist lovande takter i vinter, Ronny Heggen, og dei to sunnfjordingane Trond Gjerland og Magne Kongsvik. Magne er son til Knut Kongsvik som hoppa for Markane og var ein av dei aller beste i krinsen tidleg på femtitalet. Knut var mellom dei som fekk notert 20 i stil, og det var sjeldan i den tid.

Fine tilhøve

Tommy Ingebrigtsen

- Tilhøva i bakken er dei aller beste, seier Pedersen som har tru på ei spennande tevling når Roar Ljøkelsøy, Lasse Ottesen, Espen Bredesen, "kometen" Eirik Halvorsen og verdsmeister Tommy Ingebrigtsen satsar for fullt.
- Det må bli eit kvalitetsrenn med slik deltakarliste, seier han og forklarar litt om kva som skal skje.

- Etter første omgangen er det dei femti beste som går vidare og lista blir snudd med han som leiar til slutt. I laghoppinga skal alle hoppe begge omgangane, men etter første omgang snur dei lista slik at laget som leiar kjem sist.

Bjørkelibakken er ein K90 bakke. Det vil seie at dersom hopparane kjem over 95 må juryen saman, og dei må vere samrøystes om dei skal halde fram med same fart eller om dei må ned ein avsats.
- Alle ynskjer lange hop, men vi må setje tryggleiken til hopparane først. V-stilen og litt ekstra oppdrift kan gje ekstra lange hopp og vi må tenkje tryggleik, seier TD-en som trur at under optimale tilhøve vil det truleg vere mogeleg å stå på hopp over 100 meter.

Når det gjeld framtida til hoppsporten i fylket meiner han at det er viktig å fullføre K65 bakken alt til sommaren. Først då vil vi få full nytte av den store bakken. Dette var også ein føresetnad den gongen skistyret sa at det skulle bli NM i Stryn.

Plass til alle

- Eg har sett på tilhøva både i og rundt bakken, og det blir plass til alle. Dei manglar ikkje parkeringsområde. Det er berre eit spørsmål om at folk tek seg litt tid, og at ikkje alle kjem i siste sekund. Vi vonar på mykje folk. Det gjev hopparane ekstra inspirasjon, og om vi får mykje publikum og same stemninga som vi har opplevd både på langrennsstadion og i det kombinerte hopprennet, så vil dette bli to fine, spennande dagar, seier Pedersen.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 31.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/21/96 23:04