Aksjon Kongeveg
[imagemap]

- Slik tilhøva er i Bjørkelibakken i dag, må vi starte Aksjon Kongeveg. Skal vi kunne frakte kong Harald opp til hoppkanten med hest, må det stor innsats til. Noko eg er sikker på at bygdefolket kjem til å ordne opp i, seier ansvarleg for konge-transporten, Ingemar Sårheim.

- Kongevegen opp til hoppet er knapt køyrande i dag. Men dei ansvarlege har allereie fått melding om dette, og då er eg ganske sikker på at alt vil vere i orden når kong Harald kjem laurdag morgon.

Ingemar Sårheim er ansvarleg for den kongelege transporten frå sletta i Bjørkelibakken til hoppet, og understrekar at sjølv om tilhøva i vegen var svært vanskelege med is og ujamt underlag, så vil bygdefolket på Fjelli/Blakset ordne opp i dette problemet.

- Hesteskyssen opp til hoppet vil vere svært spesiell. Og sjølv om det skal mykje snø til for å gje gjestane ein fin sledetur opp Kongevegen, er eg sikker på at alt vil ordne seg. Noko anna vil overraske meg svært mykje, seier Sårheim medan han er på synfaring i anlegget.

Og alt medan Sårheim er på synfaring i Bjørkelibakken, dukkar den første traktoren full-lasta med snø opp i Kongevegen.

Og enno er det tre dagar til Kongen kjem !

Kjelde: Firda, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/24/96 21:05