Anita spurta best
[imagemap]

5 km fri teknikk, kvinner


Kvinnene sin sprintdistanse vart eit rivande oppgjer mellom Anita Moen Guidon og Trude Dybendahl. Ved målpassering skilde det 5,6 sek. i Trysiljenta sin favør. Marit Mikkelsplass måtte ta til takke med bronse.

Anita Moen Guidon fylgde første del av NM frå TV-stolen på grunn av ein lei bronkitt. Men onsdag var ho tilbake for fullt.
- Eg hadde nok fordel av skarpt føre, sa Anita og sende takk til publikum.
- Det var nesten som å gå i Kollen!

For Marit Mikkelsplass var dette første gongen i år at ho tapte for ein norsk løpar.
- Eg stressa litt meir enn vanleg. Dynamitten i beina mangla, forklarte den sympatiske norgesmeisteren frå 15 km og stafetten.

Trude Dybendahl mangla altså knappe 6 sek. på å ta gull. Ho var likevel nøgd med løpet og løypene.
- Eg er glad for at arrangøren har fått ordna løypene, slik at vi kan konsentrere oss om kampen mot andre løparar og ikkje kjempe mot løypa, uttalte ho på pressekoferansen.

Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/26/96 15:20