Avslag frå Royal Air Force
[imagemap]

Onsdag kom melding om at Royal Air Force likevel ikkje ville stille sine helikopter til disposisjon for snøhenting i Markane.
- I førstninga møtte vi stor velvilje, men den forsvann til lenger opp i det militære systemet vi kom, seier ein skuffa ordførar Oddvin Drageset.

Royal Air Force har to store helikopter på Sandane. Då NM-arrangøren spurde om dei kunne tenkje seg å hjelpe til med frakting av snø, vart det synt stor velvilje. Ordførar Oddvin Drageset fekk i oppdrag å føre forhandlingane. Men det engelske militærbyråkratiet hadde ei anna oppfatning. Medan helikoptera prøveflaug området tysdag, tikka det inn melding om at dei ikkje kunne ta på seg oppdraget.

Avslaget vart også forklart med at det ville bli komplisert å hente snøen. Dei to kjempestore rotorane utviklar eit enormt trykk.

Kjelde:Fjordingen, torsdag 18.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/19/96 21:05