- Dugnadsånda berga NM
[imagemap]

- Dugnadsånda som vi opplevde i Bjørkelibakken og på Ullsheim denne veka for å berge NM, er heilt utruleg. Det er leiar i hovudkomitèen, Inge Fænn, som seier dette. Og han understrekar vidare:
- Takka vere den fantastiske innsatsen under snøaksjonen kan vi ønskje heile ski-Norge velkomne til NM i Stryn.

Stryn vart tildelt meisterskapen 8.mars 1993. Etter tre års arbeid har arrangørane frå idrettslaga Veten, Hardbagg og Markane og deira medhjelparar hatt ein beintøff innspurt i NM-førebuingane. Men dei vel 1.000 personane som på ein eller annan måte er med og tek eit tak for å gjennomføre det store arrangementet, har fått god hjelp av fleire hundre dugnadsarbeidarar frå eit stort distrikt.

Sterkt samhald

- Snøaksjonen har bevist at det er eit sterkt samhald i bygdene våre. Når eg ser kva folk yter for å berge denne meisterskapen, får eg til tider klump i halsen, seier Inge Fænn.

- Har de angra på at de sist laurdag sa nei til å flytte NM ?
- Det har vorte tøffare enn vi trudde på grunn av fønvinden som kom over vår landsdel. Om dei angrar dei som står midt opp i det og har ansvaret på langrennsarenaen og i hoppbakken, veit eg ikkje. Dei gjer i alle fall ein imponerande jobb begge stader, understrekar NM-sjefen.

Mykje PR

At snøaksjonen og den enorme dugnadsinnsatsen har gjeve NM-arrangørane ekstra mykje PR før sjølve konkurransane tek til, er ei anna sak. Også spørsmålsteikna kring Bjørn Dæhlie sin NM-start har skapt luft i luka.

- Det er pluss og minus med alt, seier Fænn.
- Det hadde vore å føretrekkje om han hadde satsa på piruettar berre i målområdet. Men eg er glad for at alt ordna seg slik at publikum får sjå Dæhlie i aksjon meir enn på stafetten.

Og hugs: Her er alt kva Norge kan varte opp med av gode hopparar, kombinertløparar og langrennsløparar - i tillegg til den store massen som gjer dette til ei kjempemønstring.

Konge og statsrådar

Massemønstringa inneber godt og vel 500 aktive. I tillegg kjem eit nett av leiarar, sekundantar, medhjelparar og idrettsinteresserte frå dei tjue ulike skikrinsane i Norge. Heile styret i Norges Skiforbund vert på plass. Sponsorane utgjer også ein stor gruppe. NM-arrangørane dei to komande åra er også på plass for å sjå korleis det heile føregår.

- At Kong Harald kjem neste helg, er sjølvsagt ekstra gledeleg og set den store spissen på det heile, seier Inge Fænn. Som legg til at også statsrådane Kjell Opseth og Reidar Sandal vil oververe deler av NM.

Publikumsvennleg

I tillegg til alt dette har mediainteressa vist seg å vere større enn det arrangørane hadde håpa å tru på.

- Spenningsmomentet ligg no i kor stor publikumsoppslutninga blir, både på sjølve arenaene og på dei mange og varierte kulturarrangementa. Vi håpar og trur dette skal bli ein stor folkefest.

Alt no veit vi at det blir eit enormt innrykk av skuleborn som vil setje farge og skape stemning på Ullsheim og i Bjørkelibakken. Heile arrangørstaben vil gjere alt for at det skal bli trivelege og minnerike NM-dagar, seier Inge Fænn og legg til:

- Når eg ser korleis folk tek ansvar for sine oppgåver over alt, føler eg meg trygg på at dette skal gå fint!

Kjelde:Fjordingen, fredag 19.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01