Bjarte Engen Vik vann
[imagemap]

Kombinert

Bjarte Engen Vik vann NM kombinert i Stryn. Han var 1.13 minutt framfor Halldor Skard jr. som kom på 2.plass. På tredje plass kom Trond Einar Elden, 1.43 minutt etter Engen Vik.

Bjarte Engen Vik leia også etter hopprennet i Bjørkelibakken der han hoppa 95 og 94 meter, dei to lengste hoppa i rennet. Han gjekk ut 18 sekund framfor overraskingsmannen Per Tommy Enger, og 54 sekund framfor Fred Børre Lundberg. Haldor Skard jr. låg då 1.09 bak leiaren og Trond Einar Elden 2.15 bak.

Kong Harald var tilstades under renna, både i Bjørkelibakken og på Ullsheim

laurdag 27.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/27/96 13:20