- Bravo Bjarte!
[imagemap]

Kombinert

- Heilt supert! Seremonimeister Leiv Blakset var ein av dei første til å gratulere Bjarte Engen Vik etter oppvisinga i Bjørkelibakken. 2000 tilskodarar følgde hopprennet, som av enkelte løparar vart kritisert for slurv med lengdemålinga.

- Lengdemålarane må nok skjerpe seg eit hakk til spesialhopprennet på torsdag, seier gullvinnaren Bjarte Engen Vik. Han trur han vart målt til rett lengde i den første omgangen, men er ganske sikker på at han fekk meir enn ein meter for mykje i finaleomgangen.

Krass kritikk

I kombinertsporten kan dårleg lengdemåling lett øydeleggje for utøvarane. Dersom ein løpar vert målt to meter for kort i begge dei to omgangane, får han femti sekund ekstra å ta inn i langrennssporet.

Førehandsfavoritten Fred Børre Lundberg meinte han hadde hoppa mykje lengre enn han vart målt til, og at han hadde mista verdfull tid i sporet. Lundberg gjekk ope ut med krass kritikk av funksjonærane, og han fekk litt støtte frå dei andre hopparane. Teknisk delegert Toralf Grave, derimot tilbakeviste kritikken under pressekonferansen seinare på dagen.

Fred Børre Lundberg hadde på ingen måte dagen korkje i bakken eller i sporet. Ikkje minst sølvmedaljevinnaren Haldor Skard junior var overraska over at han så lett kunne stikke frå vår ferskaste internasjonale meister. Men så er også femkilometersløyfa på Ullsheim tøff å bryne seg på om ein er for "rå" i starten.

Endeleg noregsmeister

Om enkelte var sure, var det óg folk som strålte av glede. Vinnaren av rennet, Bjarte Engen Vik, har lenge vore i skuggen av dei andre kombinertløparane. Laurdag vann han sin første NM-medalje, og tok like godt gullmedaljen.
- Sigeren her er den største triumfen min sidan eg vann bronse under OL på Lillehammer. Eg tykkjer eg fortente å vinne. No er målet å kome øverst på sigerspallen også i eit verdscuprenn, seier Engen Vik.

Kombinertløparen frå Bardufoss hadde laurdag den tredje beste tida i langrennssporet, og var best i bakken. I det siste hoppet fekk han tre ganger tjue i stil, og vart målt til 94 meter - ein meter mindre enn i førsteomgangen.

Engen Vik seier Bjørkelibakken er vorten ein av dei aller beste 90-metersbakkane i Norge. Berre hoppbakken i Rena har høgare kvalitetar, meiner Engen Vik.

Kjelde:Fjordingen, måndag 29.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/29/96 18:20