Kristian Brenden til topps i Bjørkelibakken
[imagemap]

Hopp normalbakke

Vart norgesmeister i yndlingsbakke

Bjørkelibakken er Kristian Brenden sin lykkebakke. I fjor vann 19-åringen frå Vinstra Norgescup-rennet i nyanlegget. I går slo han til så det gav gjenlyd i heile det idrettsinteresserte Norge: Brenden - som frå før hadde 38.plass som si beste NM-plassering - gjekk heilt til topps og vart norgesmeister.

I lett snøver var det ein stor avslutningsdag på ski-NM i Bjørkelibakken. Men dei største favorittane infridde ikkje. Korkje Espen Bredesen, Eirik Halvorsen, Lasse Ottesen eller Tommy Ingebrigtsen kom opp mot sitt aller beste. Ottesen kvalifiserte seg ikkje ein gong for andre omgang.

- Eg trur at dei rett og slett var for lite på hogget, var landslagstrenar Trond Jøran Pedersen sin kommentar etter ennet.

Tangering

Men Kristian Brenden stod altså fram som den store helten i den fantastisk fine Bjørkelibakken. I første omgang tangerte han bakkerekorden på 96,5 meter til fem gonger 19,5 i stil. Dermed var han 13,5 poeng føre Arve Vorvik som hoppa 89,5 meter i førstehoppet, og såg 20-talet i stil.

Fulltreff

I andre omgang hoppa Vorvik 93 meter og fekk 123 poeng. Dermed var det klart at Brenden hadde sitt livs sjanse til NM-gull. Og han slo skikkeleg til: Fulltreff på hoppkanten og igjen lengste omgangshopp på 95,5 meter. Ikkje rart at han sikra seg litt i nedslaget, noko som gjekk ut over stilkarakterane.

Roar Ljøkelsøy hoppa seg opp frå femteplass i første omgang og sikra seg bronse med omgangens tredje hopp over 90 meter (90,5).

Stortrivst

- Eg stortrivst i ein moderne bakke som Bjørkelibakken. Den minner meg mykje om lysgårdsbakkane på Lillehammer og Granåsen i Trondheim, sa ein lukkeleg og glad norgesmeister nede på sletta.

- Nervepirrande å sitje att åleine på toppen ?
- Nei, det passa meg fint. Då visste eg kva eg måtte prestere fpr å halde på leiinga etter første omgang. Dette var utruleg moro!

Skule i Trondheim

Ein 38.plass i fjor var Kristian Brenden si beste plassering før årets meisterskap. Men i plastbakke-NM har han vore heilt oppe på sjetteplass.

19-åringen som går på skule i Trondheim, ser no fram til storbakke-NM i Meldal i helga. Men han torer ikkje håpe på å gjere det like bra der.

Foreldra var der

Mor og far til norgesmeisteren, Karen og Torbjørn Brenden, følgde spent med på sonen sin kamp om NM-tittelen i Bjørkelibakken.

- Dette var artig, sa dei to etter at verste viraken hadde lagt seg. Dei stod og passa på hoppskia og den flotte vogga (laga av Vebjørn Sølvberg) som Kristian hadde fått som førstepremie.

Tidleg ute

- Kor lenge har Kristian hoppa på ski ?
- Sidan han var 5 år. Og 7 år gammal deltok han i sitt første renn.
- Vart det siger den gongen ?
- Ja, han vann då også, fortel mor Karen.

Sidan den tid har det vore ski, ski og atter ski for Kristian Brenden. Foreldra fortel at han til og med på skulevegen brukte ski, så sant snøtilhøva tillet det.

I går var det i Bjørkelibakken han viste sine kunster. Det heldt til NM-gull!

Kjelde:Fjordingen, fredag 02.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/02/96 20:35