Bjørn Dæhlie deltek i NM
[imagemap]

Bjørn Dæhlie stiller til start under søndagens stafett i Stryn. Etter at løpet er over vil han ta stilling til om han skal delta i dei andre distansane. Dæhlie er sliten etter fleire harde renn i verdscupen, og derfor vurderer han å redusere NM-deltakinga.

Måndag ettermiddag vart det sendt ut ei pressemelding frå landslagstrenar Erik Røste. det blir meldt at Bjørn Dæhlie kjem til den første NM-helga for å gje PR til arrangementet og for å skrive autografar.

- På søndagen kjem han til å delta i stafettlaget til Nannestad. Først når dette løpet er over vil han ta avgjerd på om han vil delta i jaktstarten.

Allereie på laurdag vil Bjørn Dæhlie vere til stades som deltakar i det fjernsynssende TV-showet.

NRK melde måndag morgon at Bjørn Dæhlie ikkje kjem til å gå skirenn i Stryn, og hevda at eit hardt program i verdscupen gjer at han vil spare seg til komande internasjonale renn.

Spekulasjonar

For NM-sjefen i Stryn, Inge Fænn, er dette ukjent.
- Eg har snakka med landslagstrenar Erik Røste, og for han var det ukjent at Bjørn Dæhlie ikkje deltek i NM. Spekulasjonane skal ha oppstått fordi Dæhlie gav beskjed til A-pressa, om at han ikkje kjem til å sende "reisebrev" eller avisreferat frå NM, slik det tidlegare var avtalt. Dette vart tolka til at han ikkje skulle delta, seier Fænn.

- Nannestad har vunne NM-stafetten dei to siste åra, og Bjørn Dæhlie har tidlegare sagt at han føler seg forplikta til å gjere ein innsats for klubblaget sitt, seier Fænn.

- Bjørn Dæhlie vil vere den store publikumsmagneten under NM, og kva skjer om ikkje han dukkar opp?
- Det bør ikkje ha nokon alvorleg innverknad. Det kjem trass alt to-tre verdsmeistrar og eit par OL-meistrar, så attraksjonane er der. Eit eventuelt fråvær av Dæhlie vil gjere meisterskapen og kampen om førsteplassane meir open. Det kan faktisk gjere det endå meir spennande å vere publikum, seier Fænn.

Mangel på pengepremiar

- Er mangelen på store pengepremiar grunnen til at NM har blitt mindre attraktivt blant dei store stjernene?
- NM skal ikkje dominerast av pengane. Det skal vere eit meisterskap med breidde som skal sikre rekruttering. Det er ønskjeleg at dei beste deltek slik at dei inspirerer dei nye talenta. NM skal vere attraktivt i seg sjølv og pengane får ikkje ta glansen av eit slikt arrangement. Ikkje minst blir det langt vanskelegare økonomisk å arrangere eit NM, viss det blir atilt krav til store pengepremiar, seier Inge Fænn.

Kjelde:Firda, tysdag 16.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01