Dæhlie står over 10 km
[imagemap]
Bjørn Dæhlie har problem med sår hals og står over vidare konkurransar under NM på ski i Stryn.

Han var påmeld på 10 km fri teknikk i morgon.

- Eg tek ingen sjansar. Viss eg skulle starte i den tilstanden eg er i no, ville eg berre risikere å bli skikkeleg sjuk, seier Dæhlie.

Han fekk halsproblema under stafetten på søndag.

Kjelde:NRK Tekst-TV, tysdag 23.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96