Dramatikk og spenning
[imagemap]

10 km klassisk jaktstart, kvinner


Jaktstarten (10 km) for damer vart ein thriller av dimensjonar. Anita Moen Guidon, Marit Mikkelsplass og Trude Dybendahl gav eit stort publikum - heile 3.000 i talet - full valuta for inngangspengane gjennom eit drabeleg oppgjer. Anita viste seg som den beste spurtaren og forsvarte NM-gullet frå dagen før.

Dramatisk var det også i minutta etter målpassering. Rykta om at Anita skulle ha skøyta for mykje ut av siste svingen inne på stadion, svirra i lufta.

Det kom ingen formelle protestar. Men juryen spelte av video og drøfta dei aktuelle skøytetaka. Samrøystes kom dei fram til ei lukkeleg avgjerd: Anita hadde ikkje gjort noko ureglementert.

Nervepirrande

- Det var nervepirrande å gå ut først med Marit og Trude like bak, sa Anita etter løpet.
- Marit Mikkelsplass er som eit lokomotiv i løypa, og eg skjønte temmeleg raskt at ho og Trude ville greie å ta meg att. Men heldigvis hadde eg gode ski - eg bur saman med ein kar som kan å smørje!

Kjempeglad

Den doble norgesmeisteren var kjempeglad etter målpassering. Og sølvjenta Marit tok spurtnederlaget med fatning:
- Eg visste at Anita er kjapp i spurten. Håpet mitt var å skape ei luke tidlegare i løpet. Men då eg og Trude var uheldig å trakke på skia til kvarandre i ein motbakke på sisterunden, var det i staden Anita som fekk luka. Det kosta mykje krefter å tette igjen denne, sa Marit.

NM-dronning?

Det store spørsmålet framfor 30 km søndag vert kven som kan utropast til NM-dronning. Både Anita Moen Guidon og Marit Mikkelsplass har innkassert to gull så langt. I tillegg har Marit ein sølv og ein bronse.

Publikum kan gle seg til litt av eit prestisjeoppgjer søndag!

Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/26/96 14:48