Voldsom dugnadsinnsats i helga
[imagemap]

Det blir NM i Stryn

- Vedtaket er endeleg. Det blir NM i Stryn. Planen vart lagt fredag kveld, og med den dugnadsånda som "Aksjon snøbrett" utløyste var det ikkje tvil sjølv om snøen smelta og gradestokken viste mange pluss grader. laurdag var kring 100 i arbeid med ulike tiltak i og omkring Bjørkelibakken. Til Ullsheim kom over 200 frå Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen og også Sunnmøre for å dra ut i langrennsløypene med skufl og snøbrett. Reknar vi også med dei som vaska og gjorde anna arbeid nærma talet seg 300.

- Det som har skjedd i helga fortel at dugnadsånda lever, seier rennleiaren for langrenn, Arvid Dybevoll. Både han og dei andre med ansvar for NM-tilskipinga kjenner det som eit skikkeleg handslag at så mange stiller opp.

- Vi får stadig signal om at folk vil ta eit tak, og det blir ordna med arbeidsleiarar kvar dag slik at folk kan kome å ta eit tak om dei vil, seier Dybevoll, og den same meldinga kjem også frå Ola Ødegård og Bjørkelibakken.

500 kbm snø søndag

- Vi løyner ikkje at vi manglar mykje snø, men vi har situasjonen under kontroll, seier Dybevoll som i går kunne sjå at omlag 500 kbm snø vart køyrt inn i området. Han kunne også gle seg over at 50 melde seg til teneste med snøbrett i går. Vurderinga løypesjefen har gjort er at det må ytterlegare 2500 kbm til for at alt skal vere slik ein vil ha det, og då arbeider dei utfrå full lengde på løypene.

- Det er stor aksjon med å skufle saman snø i Hornindal, og etter det vi veit er det snakk om fleire tusen kubikkmeter, fortel rennleiaren.

Royal Air Force på bana

Det er mogeleg å transportere mykje av snøen med bil, men NM-arrangørane set si lit til at dei får i stand den mykje omtala samarbeidsavtalen med engelske militærhelikopter som er stasjonert på Sandane Lufthamn. I skrivande stund er ein militærbil med transportnett på veg frå Voss til Stryn, og det er enorm oppslutnad for å sikre NM på ski. Vervarslet går på kaldare ver etter at NM-bygdene har opplevd ein av dei mest uvanlege januarmånadar i manns minne.

Og det er ikkje berre i Stryn. Store vintersportstader ute i Europa må avlyse, men NM-arrangørane meiner å kunne tilby fine forhold når tevlingane byrjar.

Kontroll i Bjørkelibakken

I Bjørkelibakken er det meste under kontroll sjølv om også der må tilkøyrast ein del snø. I går var det prøve på kongeleg hesteskyss med hestefolk frå Stryn, Eid, Gloppen og også Sunnfjord. Det er tydeleg at dette vil bli eit spennande innslag i NM-tilskipinga og heller ikkje fjordingen let seg stogge av snømangel.

Rennleiarane på begge anlegga kan berre slå fast at dette skal vi greie og at det varmar med den oppslutnaden som har vore siste dagane, for å hindre avlysning i 12.time etter fleire år med planlegging og ein stor innsats for å få det heile i hamn. Lillehammerfolka som har vist stor samarbeidsvilje, var dei første til å gratulere då meldinga kom om at det ikkje vart flytting, og det er kome signal frå fleire hald om økonomisk støtte for å dekke meirutgiftene med den voldsomme satsinga.

Kjelde:Fjordingen, måndag 15.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01