Elden-brørne mot Troms
[imagemap]

Lagkokurransen i kombinert blir etter alt å dømme ein duell mellom Troms og Nord-Trøndelag. Dvs. Elden-brørne mot Fred Børre Lundberg, Bjarte Engen Vik og Amund Johnsen.

Kombinert lagkonkurranse blir avvikla med hopprenn torsdag føremiddag og langrenn 3x5 km like etter jaktstarten er ferdig på Ullsheim.

Medan Troms sitt lag er klart, har Nord-Trøndelag ført opp ni namn som skal utgjere tre lag. Kven som går på 1.laget var ikkje bestemt då Fjordingen snakka med NM-kontoret måndag ettermiddag. Mellom dei ni er det fire karar med etternamn Elden: Bård Jørgen, Trond Einar, Frode og Mikal.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/25/96 01:00