Slik finn du vegen til NM-tevlingane
[imagemap]

- Det skal vere enkelt å finne fram til NM-arenaene, og du kan gjerne nytte din eigen privatbil. Er du ute i god tid får du plass med kortast mogeleg gåavstand til det som skjer. Er du seint ute, er det også parkering å få med påfylgjande spasertur på opp i mot ein halv time på Vangen og maskimalt 20 minutt på Ullsheim.

Det er arenasjefane Per Egil Steinsåker og Endre Håberg som kjem med denne gladmeldinga. Parkeringskapasiteten er godt utbygd og delvis testa under Prøve-NM i fjor.

Ta gjerne ski med

- På Vangen som ligg 2,4 km frå fylkesvegen til Hopland har vi to parkeringsplassar i ein for publikum. Skulle vi få faste snøkantar skal her vere plass til nærare 300 bilar. Elles vert det lagt til rette for parkering på flatene i krysset ved fylkesvegen. Eit ypparleg utgangspunkt for både gåande og dei som tek med ski og pulk, seier Steinsåker. Han legg til at billettsalet også er lagt til området ved fylksevegen med påfylgjande billettkontroll i anleggsområdet.

Oppmerka for publikum

Steinsåker viser til skissa og fortel at publikum kan bevege seg fritt langs ein trasè frå parkeringsområdet og rundt sletta. Bakken ligg djupt med godt oversyn. Vidare er det lagt opp til publikumsplassar for rørslehemma der hjelpekorpset vil hjelpe folk på plass. På austsida av bakken er eit varmetelt og ein kiosk plassert for publikum. Arenabygget nedanfor sletta er løparane, funksjonærane og leiarane sitt hus under meisterskapen, påpeikar Steinsåker.

Einvegskøyring til Ullsheim

Arenasjef Endre Håberg på langrennsanlegget Ullsheim gjer publikum merksam på at ein opererar med einvegskøyring mellom området frå Maursetkrysset til riksveg 15/60. Tilkomsten til Ullsheim er lagt ved Isbakken, 10 km frå Stryn sentrum. Tilbakekomsten kjem ut på riksvegen ca 3 km lenger vest.

Det er lagt til rette for publikumsparkering sør for langrennstraseane slik det viser på skissa. Funksjonærane vil bli frakta ut til anlegget i skytteltrafikk frå det omtalte Maursetkrysset, medan løparar, leiarar, presse, servicefolk m.m. får disponere parkeringa på sjølve anlegget.

- Totalt er det rom for 750-800 bilar. Ver ute i god tid og bli ikkje skuffa om du må gå nokre minutt, oppmodar Håberg.

Godt utsyn til målområdet

Hovudtyngda av publikum blir vist rundt startområdet og får plassere seg mellom skileikområdet og arenaen. Det er lagt opp til to sluser for billettering og ei sluse for funksjonærar og akkrediterte. På arenaen vil det ikkje vere mindre enn 5 kameraposisjonar, kiosk og kafeteria. På arenaen vil det bli blomsterseremoniar etter kvar øving.

Frå publikumsparkeringa i sør er det også køyrt opp scooterspor som viser veg til løypene. Fint for dei som måtte ha med seg ski og som er ute etter å skape stemning langs trasèen.

Tilbod til rørslehemma

Endre Håberg opplyser at det på Ullsheim vert eit spesielt tilbod til sterkt rørslehemma om å bli transporterte frå Dybevoll og ut til løypa/arenaen med oppvarma kjelkar etter scooter. Det er Røde Kors i Hornindal som står for det praktiske. Også Odd Petter Magnussen som har utvikla dei stødige kjelkane vil vere til stades med hjelp og rettleiing.

- Skulle det vere behov for slik skyss eller anna hjelp, er NM-kontoret mottakelege for påmelding 3-1 dagar før den aktuelle øvinga, seier Håberg.

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01