God lengdemåling
[imagemap]

Hopp lagkonkurranse

Etter kritikken frå Fred Børre Lundberg på laurdag omkring lengdemålinga under hopprennet i NM kombinert vart dette fylgt ekstra med på under lagkonkurransen onsdag kveld.

- Det var bra lengdemåling under rennet, seier Øyvind Ristvedt, forbundsmålar og forbundsdommar.

- Frå min posisjon i tårnet ville eg sett dersom det vart gjort store feil i lengdemålinga. Eg såg ikkje at det var gjort feil og har ikkje høyrt noko misnøye med lengdemålinga frå nokon, seier Ristvedt.

Kjelde: pressemelding, onsdag 31.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/01/96 17:50