Klar for sitt 51. ski-NM
[imagemap]

Håkon Brusveen held koken

LILLEHAMMER: I 34 år har Håkon Brusveen (68) gleda det norske folk med sine sakkunnige kommentarar frå skogen. Frå løypa sitt tyngste punkt formidlar OL-meisteren frå Squaw Valley i 1960 sine inntrykk over eteren.
- No kjæmen, Bjørn Dæhlie! Du verden som denne gutten går fort på ski. Han går like nydelig som Nygaardskvartetten spiller. jauda, Vingrom og Lillehammer sin store son har glimtet i augo, og går nå inn i sitt 34.år som kommentator i NRK-radio. Han har delteke i 50 NM på rad, og OL på Lillehammer var hans ellevte. No gler han seg til ei veke med ski-NM i Stryn.
- Det blir morosamt med eit skikkeleg NM på Vestlandet. Etter mi meining skal NM arrangerast på stader der gløden og interessa for ski er stor. Det betyr mykje for arrangementet at arrangørane legg seg i selen og lagar ei skikkeleg ramme . Eg er overbevist om at vi får ei fin NM-veke, dersom vergudane viser seg frå ei god side. Eg snakkar ofte med Per Knut Aaland og er oppdatert på det meste. Hardhausen Per Knut var ein seig skiløpar som sette Stryn på skikartet, seier Brusveen til Fjordingen.

Vi møter ein travelt oppteken 68-åring som er i rask betring etter ei ulukke som kunne øydelagt NM-rekkja. Den 2.januar skulle han rette på ei antenne, men trampa litt feil og ramla ned fire meter frå hustaket. Resultatet vart eit brote ribbein og eit par brist.
- Eg frykta at NM ville gå fløyten, men no er eg snart bra igjen, seier mannen som slett ikkje har tid til noko latmannsliv i go-stolen. Håkon Brusveen sel skismurning (Rode) og har i underkant av 300 mål skog som han forvaltar. Brusveen tykkjer det er triveleg med skogsarbeid og fell framleis tre både sommar og vinter.

Sportsforretninga på Lillehammer sentrum er for lengst selt.
- Eg held meg i form med kroppsarbeid, smiler mannen som kjem frå Vingrom, ein skulekrets i Lillehammer kommune. Når folk spurde Brusveen kvar Lillehammer låg, svara han alltid:
- Det ligg vel omlag ei mil nord for Vingrom. I vintersesongen brukte Brusveen vegen til og frå arbeidet (28 km) i sportsforretninga som trening.

Feil utvikling

Til liks med mange av sine konkurrentar byrja Brusveen karrieren i relativt moden alder. Han deltok i sitt første norgesmeisterskap som 24-åring. Før den tid dreiv han med friidrett og terrengløp om somrane. Nærast ved ein rein tilfeldigheit hamna han på eit skikurs i 1946 som Leif Haugen stod bak. Brusveen var aktiv idrettsmann frå han var 20 til 40 år. Forutan OL-gull vann han fem NM-gull, fleire sølv og bronse. OL-sølv i stafett, samt to 5.plassar i VM. Han har dessutan sterke plasseringar i både skiskyting og terrengløp.

Brusveen ser det som positivt at ungdomen driv allsidig idrett før dei spesialiserar seg på langrenn.
- Eg er overtydd om at det kan straffe seg på lang sikt å køyre ein juniorløpar for hardt. Balansegangen er svært ømfindtleg. Det er svært viktig at juniorane får utvikle seg både fysisk og mentalt. Fleire av våre beste skiløparar opp gjennom åra slo ikkje gjennom før etter junioralder, mellom anna ein løpar som Pål Tyldum. Du må sjølvsagt ha gått på ski og ha det taktiske og tekniske kunnskapane i orden, men kroppen må ikkje overbelastast i ung alder, seier Brusveen.

OL-gull i 1960

OL-gullet i 1960 gav kjendisstatus. Sigeren på 15 kilometer var eit spark i baken på alle som meinte at 33 år gamle Håkon Brusveen var for gammal til å delta i olympiske leikar. Heile Norge protesterte mot at han berre var heimeverande reserve. I eit testløp to dagar før OL, gjekk han til topps, og vart faktisk ettersendt til OL saman med svenskane.

- Eg var overtrent tidleg på vinteren. Det var kona Randi og langrennstrenar Haugen som hjalp meg over kneika. Dei visste at det berre var kvile som mangla. Dermed kutta eg ut alt som heitte skitrening, og byrja å dra ved på ein gammal skikjelke. Etter litt kom overskotet tilbake, og eg fann toppforma i OL, seier Brusveen som gjekk gull-løpet på 15 km to gonger på eit døgn.

- Eg sov ikkje eit einaste minutt natta før løpet. Heile løpet, meter for meter, vart analysert i tankane. Eg konsentrerte meg til det ytterste, og visste at heile Norge venta noko av meg og ønska meg god tur. Samtidig var løpet min aller siste sjanse til OL-gull. På startstreken visste eg at den næraste timen var den viktigaste i mitt liv. Sjølve løpet var maksimalt "tima", og eg vart veldig god kompis med alle dei som ikkje ville ha meg med, smiler Håkon Brusveen, som også var aktiv skiskyttar etter langrennskarrieren.

Få har fylgt skimiljøet like godt som Håkon Brusveen dei siste 50 åra. Han er overtydd om at dagens aktive har mykje moro, men, seier Brusveen:
- Gjennom ei rekkje sponsoravtaler er dei underlagt eit mykje større press. Vi stod mykje friare. Kanskje kunne vi ha det litt "morosamare", fordi ingen kravde noko av oss.

Faresignal

Brusveen meiner ikkje at langrennssporten har utvikla seg så mykje dei siste to åra, bortsett frå Bjørn Dæhlie når han set opp dampen. Brusveen tykkjer det er grunn til å rope eit kraftig varsku til alle dei som har langrennssporten kjær:
- Innføringa av skøyting har gjort at utøvarane må trene meir for å perfeksjonere seg i begge stilartar. I tillegg blir det dobbelt så dyrt for dei yngste å drive med langrenn fordi dei treng fleire par ski. Det klimatiske (ustabile vintrar) og framveksten av idrettshallane bidreg også til sviktande rekruttering. Dessutan har langrennssporten utvikla seg slik at det kostar for mykje å delta. Dagens unge er avhengige av engasjerte foreldre som støttar 100 prosent opp, seier Brusveen og understrekar at han ikkje vil måle fanden på veggen.

I sporet

Brusveen si primæroppgåve som radioreportar i løypa var i første rekkje å hjelpe Bjørge Lillelien med fagkommentatorar frå løypa sitt tyngste punkt. Etter kvart utvikla Lillelien/Brusveen eit samarbeide som heile Norge sette stor pris på. Ikkje rart at mange skientusiastar føretrakk radiokommentatorane framfor TV-skjermen.
- Bjørge Lillelien og eg hadde eit framifrå samarbeide, og mykje moro. Eg hugsar ein episode under OL i Sarajevo der det var veldig mykje snø, og eg skulle gå seks kilometer. Teknikaren hadde dårleg kondisjon og mykje utstyr å dra på. Vel framme ute i løypa mista han sendaren, og sambandet var for dårleg. Dermed gjekk vi tilbake og Bjørge skreik! Vel inne på stadion ropa han igjen og spurde kvar eg var. Eg svara som sant var, på 11 kilometer.
- Jøss, har du tulla deg så langt inn no då, svara Bjørge. Han visste ikkje at eg stod berre 50 meter frå radiobua, men likevel på 11 kilometer. Etterpå var Bjørge svar skuldig, humrar Håkon som takkar kona Randi for suksessen i langrennssporet.
- Utan henne hadde det ikkje vore muleg. Ho passa både småbruk og born.

Prøve-VM

- Og no held du koken til over VM i Trondheim-97?
- Eg tenkte å slutte etter OL, men du veit dette med gamle sirkushestar og sagmugg. No har eg sagt ja til ski-NM, Holmenkollen og prøve-VM i Trondheim, seier mannen som har delteke i dei siste 50 NM på ski som har vore arrangert, som tilskodar, deltakar eller radiokommentator. Den rekorden er det ingen i nærleiken av.

- NM er heilt spesielt og viser den norske folkesjela i eit nøtteskal. Det fine med NM er at trufaste løparar frå heile Norge stiller opp år etter år og gjer meisterskapet til ein folkefest. Heldigvis er årets NM flytta ut av Oslo-området og til eit distrikt der interessa og ramma er stor, seier den kjende og kjære "stemma frå skogen".

Han hadde eigentleg tenkt å slutte i år (igjen), men vart overtala av Ernst A.Lersveen og Einar Førde som begge ville ha Håkon med på laget.
- Dei hadde til og med bestilt hotellrom i Trondheim til meg og a mor. Mange av dei gamle gutta har desverre slutta, men vi får lære opp nokre nye. Eg trivst i miljøet og tykkjer det er morosamt så lenge helsa held, sluttar NM-veteranen.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 17.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01