Til topps med hest
[imagemap]

Med hest skal alle kongar fraktast til topps i Bjørkelibakken under ski-NM. Først HM Kong Harald med følgje. Seinare vil alle deltakarane få tilbod om å bli køyrt frå sletta til hoppet.

Ei tylft hestar og dobbelt så mange kuskar vil stå opplinja på sletta i Bjørkelibakken på Fjelli når hoppkonkurransane startar der om halvanna veke.

NM-gutar med store ski skal få ein heiderleg skyss på sin veg mot toppen. Stassledane er pussa. Blankstrigla hestar, og kuskar, skal stå for den originale transporten. Om skyssen vil inspirere Bredesen og dei andre hoppessa til å spake ekstra i frå i satsen, det står att å sjå.

Kongen først

Søndag vart systemet utprøvt. Stoppeklokkene var hyppig i bruk. Alt skal timast til minste detalj.
- Kong Harald og dei iffisielle gjestene som kjem til bakken skal fraktast med hest opp til hoppet. Vi reknar med at dei er preke nok til å kome seg det siste stykket ned til kongetribuna til fots, seier Leiv Blakset.

Det er hans ansvar å sjå til at dei prominente gjestene vert tekne hand om på ein skikkeleg måte under ski-NM. Og meiner å ha gode kort på hand når kremen av fjordhestekvipasjane i Fjordane er samla saman for oppdraget.

Firbeint bakkeheis

Ingemar Stårheim er organisator for nordfjordinganes firbeinte bakkeheis. Han trur dei aller fleste av hopparane vil takke ja til hesteskyss. Alternativet er å traske på eigne bein dei mange trappetrinna opp unnarennet.

Sju minutt tek turen frå sletta og opp. Det lovar Stårheim skal bli sju hyggelege minutt, akkompangert av dombjøller og mjuke knirk frå treverk og sledestål som sleikjer mot fasttrakka snø.

Vegen er bratt, men ikkje verre enn at dei veltrimma hestane maktar oppgåva. Konglekledde graner vil hylle heltane, men også dei mindre heldige.

- God prøve

- Generalprøva gav svara vi trengde i forkant av arrangementet, seier Blakset, som trur at hestane vil vere med og setje ein spiss på hoppdagane i Bjørkelibakken.

- Vi reknar med at det er behov for mellom 10 og 13 hestar, meiner Stårheim.

Prøveklutar i opplegget vil bli kombinertløparane. Dei startar prøveomgangen i laghopp alt i 09.30-tida torsdag i neste veke.

Kjelde:Firda, tysdag 16.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01