- Vi står godt rusta
[imagemap]
Rennleiarane for hopp og kombinert, Ola Ødegård og Leiv Tvinnereim meiner arrangøren er godt førebudde til premieren i den nye Bjørkelibakken på Vangen. Radiusen er blitt større i overgangen etter at sletta er senka med 1,20 meter det siste året. Det er ikkje umogeleg at bakkerekorden etter NM kan vere på over 100 meter.

- Rapportane etter Prøve-NM i fjor var udelt positive. Det vi fryktar mest er ustabilt ver med mykje snø. Ved omfattande preparering vert det stilt store krav til like forhold og presis avvikling, seier Ola Ødegård.

Alle stiller på

Alle dei beste eliteløparane stiller på under NM på Vangen og på Ullsheim. 25.januar vert det avvikla lagkonkurranse i kombinert. 27.januar er det duka for hopp og langrenn i kombinert.

- Det nye er at lagkonkurransen for krinslag med hopping og langrennsstafett i år er lagt inn i hovudprogrammet. Tidlegare gjekk denne delen i lag med norgescupavslutninga. I tillegg blir hopp og langrenn individuelt avvikla på same dag, noko som både publikum og presse set pris på, seier rennleiar Leiv Tvinnereim.

Langrenn etter Gundermetoden - med jaktstart vert avvikla i den mest krevande konkurransetrasèen på Ullsheim. 10 poeng i hoppbakken tilsvarer 1 minutt i langrennssporet.

Når det gjeld premiering vil den bli etter lagkonkurransen bli avvikla i kulturhuset torsdag kveld. Premieringa etter dei individuelle konkurransane på laurdag vil skje straks etter rennet på Ullsheim.

Ein moderne hoppbakke

Etter at radiusen på overgangen i Bjørkelibakken vart gjort større, framstår bakken så moderne som mogeleg.

- Bakkerekorden er på 96,5 meter i dag, og det er vanskeleg å spå lengdene. Utgravinga har ikkje endra på regelverket. Er det 10% overhopping av kritisk punkt på 90 meter skal juryen tre saman. Ein bakkerekord på rundt 100 meter må vi forvente, seier hoppsjef Ola Ødegård.

Lagkonkurransen for spesialhopparane er lagt til onsdag 31.januar, og dagen etter skal den individuelle meisteren kårast. Ein reknar med at i alt 40-50 kombinertløparar og 70-80 spesialhopparar vil vere på plass under NM-dagane. Teknisk delegerte under renna vil vere Toralf Grave, Kviteseid (kombinert) og Per Ove Pedersen, Oslo (hopp).

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01