NM skaper rift om hotellsengene i Stryn
[imagemap]

Knapt ei ledig hotellseng er å oppdrive i Stryn til den komande NM-helga. Det er fullt på Hotell Alexandra og Loen hotell. Sentrumshotella i Stryn er så å sei fulle heile den første NM-veka.
- Men framleis er det nok av gode overnattingsplassar, seier reiselivssjef i Stryn, Jens Christian Skrede.

I Stryn og Hornindal kommune er det rundt 3 000 gjestesenger. Rundt halvparten av desse er bestilte under NM.

- Det er ikkje mange ledige rom igjen rundt arenaområda i Stryn sentrum. Men aust for Stryn sentrum, slik som i Olden, er det fortsatt mange ledige overnattingsplassar, seier Jen Christian Skrede.

NM-kontoret opplyser at det har vore størst etterspurnad etter hotellrom og campinghytter med bra standard. Små leilegheiter og hytter er ikkje så populære. Det kan tyde på at dei tilreisande har med ski som dei gjerne vil finne plass til innandørs.

- Dei første bestillingane kom allereie tidleg i vår. I oktober kom bestillingane frå alle skikrinsane i Noreg. Hovedtyngda av "bookingane" har likevel vore no dei siste vekene før NM, seier Skrede.

Prisnivået på overnatting viser seg generelt å ligge om lag slik dei er i sommarhalvåret.

Reiselivssjefen åtvarar reiselivsnæringa mot å vente at all overnattingskapasitet kjem til å bli utnytta.
- Svært mange av publikum kjem nok til å legge opp til dagsbesøk, seier Skrede.

Det er venta at dei tilreisande i hovudsak vil komme frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Ottadalen-Gudbrandsdalen.
- Hotell Alexandra har fullt belegg den første NM-helga. Frå søndag har vi god kapasitet igjen, og midt i veka har vi om lag halvparten av romma bortbestilt. Mot neste helg er det rundt 30 rom ledig, opplyser Anne Karin Auflem som er bookingansvarleg ved Alexandra.
Loen Hotell har også fulle rom i den første NM-helga.

Stryn Hotell og Tonning Hotell i Stryn sentrum har begge nokre få ledige rom fredag til laurdag førstkomande helg. Elles er det meir eller mindre fullt i NM-veka. Den andre NM-helga er det framleis råd å få rom på begge hotella.

Kjelde:Firda, torsdag 18.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/18/96 19:55