- Arrangøren kan ikkje klandrast
[imagemap]

Vår suverene skikonge Bjørn Dæhlie hadde desidert beste tid på 2.etappe for vinnarlaget Nannestad, og han hadde denne klare uttalen til dei skarpe løypene på Ullsheim:
- Eg har gått mange World Cup-renn i Europa med slik vanskegrad som på Ullsheim. Arrangøren kan på ingen måte klandrast. Problemet med å ha skirenn i skogen er at det står tre nokså nær trasèen, sa World Cup-leiaren.

Eg hadde lyst til å gå klassisk. Difor vart det andre etappe. Egentleg var det ikkje problem å kome forbi, sa Bjørn som tok inn Vegard Ulvang etter 3 kilometer, men som lenge hadde fylgje av skiveteranen før han demonstrerte kreftene for publikum inne på skistadion.

Skileik med skiskule

Dæhlie gjorde greie for kva han skulle gjere på i Stryn:
- I morgon skal eg vere med på skileik med ei skuleklasse. Vi skal lage spretthopp og slikt. Tysdag har eg tenkt å ta det roleg på Grotli før 10 km onsdag. Pressesjef Rolf Nordberg gjorde vidare spekulasjonar til skamme:
- Bjørn har returbillett onsdag kveld.

Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/22/96 18:56