Jarle Molland skreiv hopphistorie
[imagemap]

Hopp normalbakke

Jarle Molland frå IL Bjørn i Sogn, no knytta til Trønderhopp, skreiv hopphistorie nærast på heimebane då han delte fjerdeplassen med Hein Mathisen i NM i Bjørkelibakken i går. Så langt vi kjenner til statistikken har ingen spesialhoppar frå Sogn og Fjordane tidlegare prestert noko slikt i eit norgesmeisterskap.

- Over alle forventningar, men samstundes litt surt at eg ikkje greidde dei nødvendige 4,5 poenga opp til tredjeplassen. Eg presterte to gode hopp sjølv om det ikkje var heilklaff. Ingen andre kan rekne med fullklaff heller, sa den sindige sogningen som lovpriste anlegget på Vangen.

19 og 19,5 i stil

Det var to utruleg jamne hopp Molland presterte, på 88,5 og 88 meter. For begge sveva fekk han 19 og 19,5 i stilkarakterar. Men molland kunne tenkt seg endå lengre svev:

- Vi fekk vind bakfrå, og det var litt daudt. Bakken toler hopp på over 100, og juryen kunne sett på meir fart. Men eg kan ikkje vere sint på nokon i dag, sa ungguten som gjev leiinga i Trønderhopp mykje av æra for suksessen:

- Vi er alle kompisar, og i dag gjorde vi nesten reint bord om ein ser vekk frå meisteren, sa Molland.

- Den viktige prestasjonen

- Det beste ordet ein kan bruke om norgesmeisterskapen er "takk". Alt har vore ei utruleg festforestilling. Vi trudde det skulle toppe seg sist søndag, men alt er berre blitt toppar. Vi ha bronsemedaljen til Odd Bjørn Hjelmeset, gode prestasjonar av Per Fridolf Hillestad, og vi har i dag Jarle Molland. Den siste er kanskje viktigast når vi skal vere meir enn arrangør.

- Tok fram det beste

Det var leiaren av hovudkomiteen, Inge Fænn som nytta desse orda under oppsummeringa av meisterskapen, og han sette Molland sin prestasjon inn i ein vidare samanheng:

- Eg vil sjå den politikaren som etter dette nektar meir løyvingar til denne bakken. Vi har mykje å takke for, Kongen som vitja oss og alle dei som tok dei tøffe taka. Meisterskapen tok fram det beste i nordfjordingane, og vi må tru at den samarbeidsviljen også blir ei rettesnor framover.

Fænn retta også takk til norsk hoppsport som møtte mannjamt opp, til publikum og alle som hadde stilt opp for meisterskapen i ein eller annan samanheng.

Kjelde:Fjordingen, fredag 02.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/02/96 21:28