Kjempehelikopter hjelper arrangøren
[imagemap]
NM-arrangørane i Stryn vil tysdag eller onsdag få hjelp av det engelske luftforsvaret med å sikre meisterskapen. Då vil eit to-rotors kjempe-helikopter fly inn snø frå snøtunge område i Hornindal til Ullsheim.

- Vi har fått positive signal frå det engelske luftforsvaret, og avventar berre ei formell stadfesting frå høgaste hald i England, seier Oddvin Drageset.

Stryn-ordføraren er fristilt medlem i hovudkomitèen for NM, og har hatt ansvaret med å få i hamn avtalen med RAF.

To helikopter

- Det engelske luftforsvaret har to kjempehelikopter med plass til 50 personar stasjonert på Anda. I samband med vinterøvingar på Grotli, har vi fått eintydig positive signal på vår førespurnad om hjelp til å fly snø inn i NM-anlegget, seier Drageset.

Ordføraren understrekar at NM-komitèen vil få små utgifter i samband med helikopter-arbeidet.

- Det einaste som vil koste oss noko er nettet som skal nyttast. Helikopteret har løfteevne på 10 tonn. Dette tilsvarar mellom fire og seks bil-lass, og då treng vi eit spesialnett. Men med eit samarbeid med Airlift A/S, ser også det ut til å gå i orden, understrekar Drageset.

Kjelde:Firda, måndag 15.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01