Klart for 100-meteren?
[imagemap]

Etter prøvehoppinga med spesialhopparane i Bjørkelibakken i går ettermiddag, kan det vere klart for det første 100-meters hoppet i Sogn og Fjordane i løpet av dagen. Den nye hopp-kometen Eirik Halvorsen landa på 96 meter i går, og det med mindre fart enn kombinert-hopparane hadde i helga.

Med atterhald om at ingen braut 100-metersgrensa under laghoppinga i Bjørkelibakken etter at vi gjekk i trykken i går kveld, vil publikum truleg få oppleve det første svevet over den magiske barriera i løpet av dagen. Under prøvehoppinga i går, fekk fleire av dei norske topp-hopparane til fulle prøvd ut nyeanlegget på Vangen, og fleire av dei meir kjende hopparane hamna langt nede i overgangen. Til trass for at arrangørane valde å vere forsiktige med å gje hopparane for stor fart.

Komet Halvorsen

- Den offisielle bakkerekorden er på 96,5 meter. Den vart sett. Den vart sett av Bjarte Engen Vik under kombinerthoppinga i helga, men eg er sikker på at den ikkje vil overleve når spesialhopparane er ferdig med sin individuelle konkurranse, seier rennleiar for hopp i NM, Ola Ødegård. Under gårsdagens trening for spesialhopparane imponerte særleg den nye hopp-kometen Eirik Halvorsen.

- Som under verdscup-konkurransane i det siste viste Halvorsen sterk form, og strakk seg heilt ned til 96 meter. Dessutan hoppa både Øyvind Berg og Kent Johanssen 93 meter, seier Ødegård.

Hoppleiaren gjer dessutan merksam på at verken Espen Bredesen eller Roar Ljøkelsøy prøvde bakken i går. Men allereie i går kveld skulle begge desse to i aktivitet i lag-hoppinga.

Mot 100 meter

- Under laghoppinga vil vi truleg bruke same fart som under treninga. Så får juryen vurdere om det kan bli større fart under den individuelle konkurransen. Men dei skal først og fremst ta omsyn til dei beste hopparane, og det er vel allereie no klart at med optimal oppdrift i bakken, vil dei beste hopparane vere i nærleiken av 100-meteren, seier Ødegård.

Han understrekar dessutan at trenar-staben under NM har gjeve mange lovord om hoppanlegget, og arrangørane fekk applaus frå trenarane etter lagleiarmøtet i går.

- Både trenarar og hopparane har gjeve klar tilbakemelding på at dei er svært godt nøgde, både med prepareringa og bakkens utforming. Så skulle vi i tillegg få bra med publikum under det individuelle hopprennet i dag, skulle tilhøva liggje til rette for ein flott konkurranse, avsluttar hoppleiar Ola Ødegård.

Kjelde:Firda, torsdag 01.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/21/96 23:04