Kongen kjem fredag kveld
[imagemap]

Hans Majestet Kong Harald kjem til Stryn fredag kveld og returnerer til Oslo søndag kveld. I løpet av desse dagane skal han oververe fire NM-renn: Det gjeld kombinert hopp, kombinert langrenn, 30 km kvinner klassisk, 50 km menn klassisk. Han skal dessutan dele ut premiane i kombinertrennet.

Kong Harald vil laurdag morgon vere i Bjørkelibakken på Fjelli klokka 09.55. Han får då hestetransport frå parkeringsplassen og opp til hoppet der han vert motteken av skipresident Jan Jensen, leiaren av hovudkomitèen Inge Fænn, rennleiar i kombinert Leiv Tvinnereim og rennleiar i hopp, Ola Ødegård. Tvinnereim skal fylgje kongen til kongetribunen.

Etter hopprennet reiser kongen vidare til langrennsarenaen på Ullsheim der han vert motteken av rennleiar Arvid Dybevoll. Etter det kombinerte langrennet vil kongen dele ut premiane i kombinert saman med seremonileiar Leiv Blakset. Dagen vert avslutta med offisiell middag på Hotel Alexandra.

Søndag morgon vil Kong Harald vere på Ullsheim allereie klokka 8.20 der han skal fylgje dei to "maratonøvingane" i langrenn. På vegen til flyplassen vil det bli stopp på Hotel Alexandra der Kongen vil ta avskjed med representantar for Skiforbundet, NM-arrangøren, Stryn kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Omlag 30 personar vil vere i lag med kongen før han reiser vidare til Flora Lufthamn.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/24/96 23:29