Kongen kjem til NM
[imagemap]
"H.M.Kongen vil gjerne overvære norgesmeisterskapen på ski, nordiske greiner 1996 i tida 27.-28.januar. H.K.Dronningen vil diverre ikkje ha høve til å være tilstades", heiter det i brevet som Stryn kommune har fått frå H.M.Kongens Kabinettsekretariat, og det Kongelige Slott. Stryn kommune står som vertsskap for opphaldet saman med arrangørlaga og Hotel Alexandra.

- Dette var ei hyggeleg melding. Det vil kaste ein ekstra glans over NM-tilskipinga. Ved å velje denne delen av NM har Kongen også kome i møte ynskjet frå tilskiparlaga om at han skulle vitje både hopp og langrennsarenaen. Utfrå dei oppsette datoane må ein rekne med at Kongen med fylgje vert tilstades både under det kombinerte hopprennet i Bjørkelibakken, under kombinertavslutninga på Ullsheim og også under 30 km kvinner og 50 km herrar klassisk stil på Ullsheim, søndag 28.januar.

Det er ikkje første gongen Kong Harald vitjar Stryn. Kongen har vore både på private og offisielle vitjingar tidlegare. Sølvbryllaupsferda til Briksdalen står friskt i minnet hos folk i distriktet, og også at Kongen landa laks på Lysvoll.

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01