Kongen og meistrane
[imagemap]

"- Jeg i midten - jeg har da ikke gått noe langrenn i dag !"

Med desse muntre orda gjekk ein blid og humørfyllt kong Harald med på å posere mellom norgesmeistrane Marit Mikkelsplass og Erling Jevne like før han takka for seg på Ullsheim langrennsarena i går.

Kongen hadde først stilt seg ute på eine sida, men NM-vinnarane på 30 km og 5-mila meinte det var Hans Majestet som var det naturlege midtpunktet.

Imponert

Kongebesøket i samband med NM i Bjørkelibakken og på Ullsheim var svært vellukka. Ein idrettsinteressert konge på ærestribunen var noko arrangørar og publikum sette stor pris på.

Kong Harald har gjeve uttrykk for at det var veldig hyggeleg å vere med på NM-festen i Stryn. Han var svært imponert over den enorme innsatsen for at det i det heile kunne bli renn under dei rådande snøforholda.

Kjelde:Fjordingen, måndag 29.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/29/96 22:29