Kongestova klar for Kongen
[imagemap]

- Med den respekt vi har for Kongen, har vi gjort Kongestova så pen som råd. Og med det kjennskap vi har til andre idretts-arenaer i landet, kan vi trygt fastslå at vi tåler samanlikning med dei fleste, seier Leiv Blakset, og viser stolt fram Kongestova i Bjørkelibakken.

Seremoni- og kulturansvarleg i Hovudkomiteen i ski-NM, Leiv Blakset, er tydeleg stolt når han lar Firda, som første avis, få nærare innblikk i kong Harald sin tilhaldsstad under hopp-øvingane førstkomande laurdag.

- Då vi fekk klarsignal om at Kongen ville komme til meisterskapen, fann vi det riktig å bruke ressursar på å skaffe han ein respektabel plass å vere. Han bør ha minst like god utsikt som dommarane, og vi fann det difor rett å plassere Kongestova i 2.etasje i dommartårnet. Og med den respekt vi har for Kongen, har vi ikkje spart på noko med tanke på å gjere Kongestova så fin som råd, understrekar Blakset.

Historisk sus

Leiv Blakset er spesielt godt nøgd med arbeidet fotograf Tonning i Stryn har gjort med tanke på å kopiere bilete frå tidlegare kongebesøk i Nordfjord.

- Vi har ønskt å gje Kongestova eit snev av historisk sus, og meiner at bileta frå tidlegare besøk, bidreg positivt til det. Dessutan har vi sett mykje pris på dei gåvene vi har motteke til Kongestova. Vi har også prøvt å trekkje inn litt lokal historie frå idrettslaga Fjell og Blakset (i dag under namnet Veten), understrekar Blakset.

Gåve frå folket

Arbeidet ved Kongestova er ifølgje Blakset sterkt dugnads-prega, og den tidlegare stortingsrepresentanten understrekar at innsatsen har vore upåklageleg.

- Førebuingane til meisterskapen har vore imponerande, og Kongestova kan som alt anna sjåast som ei gåve frå bygdefolket her ute. Noko eg er viss på at kong Harald vil setje stor pris på, seier Blakset.

Han understrekar likevel at sjølv om namnet på stova for framtida vil vere Kongestova, så vil også andre få tilgjenge til rommet.

- Når kong Harald har forlate Nordfjord og den norske meisterskapen søndag, har vi allereie invitert eldre hopparar frå distriktet til å følgje det spesielle hopprennet torsdag 1.februar, avsluttar Blakset.

Kjelde: Firda, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/24/96 21:15