Eirik Halvorsen: - Laginnsatsen avgjorde
[imagemap]

Hopp lagkonkurranse

- Jamt bra innsats avgjorde for oss i dag, meiner Eirik Halvorsen, ankermann på Buskerud. Han sikra sigeren med eit sistehopp på 90 meter. I prøveomgangen hoppa han 97,5, ein meter lenger enn bakkerekorden.

Fjorårets verdsmeister Tommy Ingebrigtsen, med 63 og 76,5 meter, og Bjørn Myrbakken, med 76 og 89,5, drog ned for Sør-Trøndelag.

Rennet var prega av ein førsteomgang med varierande vindforhold, medan forholda i andre omgang var jamne.

I fjor vart Buskerud diska og enda på sisteplass i lagkonkurransen under NM i hopp.

- I fjor var vi dårlegast, i år er vi best, konstaterte ein nøgd Eirik Halvorsen, ein av favorittane framfor det individuelle hopprennet under NM i Stryn torsdag. Sin eigen innsats i rennet onsdag var han ikkje nøgd med. Han fekk fjerde beste poengsum, men imponerte meir under treningshoppinga.

Kjelde: pressemelding, onsdag 31.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/01/96 17:54