-Ein av landets beste 90-metersbakkar
[imagemap]

Landslagstrenar Trond Jøran Pedersen:

- Bjørkelibakken er ein av landets beste 90-metersbakkar. Og det seier eg fordi eg meiner det!

Kommentaren kom frå landslagstrenar Trond Jøran Pedersen etter lagkonkurransen onsdag kveld. Sjølv om kvaliteten på hoppinga varierte ein god del, fekk bakken dei beste skussmål.
- Her kan alt frå 10-12-åringar til elitehopparar boltre seg. No gjeld det berre at distriktet får fram eit godt hoppmiljø. Med Bjørkelibakken skulle det vere fullt muleg, seier Trond Jøran Pedersen.

Landslagssjefen er ikkje så oppteken av at unge hopparar skal ha førsteklasses utstyr. Det viktigaste er at ein får i gang aktivitet og miljø.
- Hopping er veldig sosialt, understrekar han.

- Ditt inntrykk av konkurransen i kveld?
- Nokre hopp var av internasjonal klasse. Men det varierte ein god del, slik det vil gjere i ein bakke som skil så godt.

- Det blir ikkje siste gong eliten hoppar i Bjørkelibakken ?
- Nei, vi kjem gjerne igjen både til konkurransar og sesongførebuing.

Kjelde:Fjordingen, fredag 02.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/02/96 22:05