Landslagsfolk i toppslag
[imagemap]

Kombinert lagkonkurranse

Troms best i kombinert lagkonkurranse

Fred Børre Lundberg og Bjarte Engen Vik imponerte under lagkonkurransen i kombinert i Bjørkelibakken og på Ullsheim. Engen Vik tangerte bakkerekorden på 96,5 meter og gjekk eit gnistrande langrenn. Stort dårlegare var ikkje Lundberg som berre kunne spasere i mål for norgesmeister Troms.

Sølvmedaljane derimot skulle det bli ein heilt annan kamp om. Nord-Trøndelag med Elden-gutane fekk det ikkje til i hoppinga og måtte starte i sporet tre minutt etter Troms. Dei satsa friskt og sikra sølvet knappe minuttet bak vinnaren.

- Trudde på bakkerekord

Bjarte Engen Vik må finne seg i å stille i det absolutte favorittsjiktet individuelt, og hoppinga hans var imponerande:

- Eg er sikker på at eg var ein halv eller ein meter over bakkerekorden. Eg hadde også 96,5 i prøveomgangen, men sistehoppet var lengre. Bakken var krevjande som han skal vere og kjempefin. Eg hadde høyrt at det skulle vere ein "flaskebakke", men det var berre tull.

Verken han eller Fred Børre ville vere med på at dei roa seg ned i sporet:
- Eg måtte skaffe Amund Johnsen så godt forsprang som mogeleg, sa Engen Vik.

- Eg måtte ha ei skikkeleg utblåsing før individuelt etter influensa i Strbske Pleso, sa Fred Børre. Også han roste bakken og arrangøren:
- Moderne bakke og veldig godt preparert.

- Fin bakke, men dårleg hopping av meg, sa ein annan storløpar, Knut Tore Apeland.

Oppdrift og gode lengder

- Alle hadde venta seg god oppdrift i Bjørkelibakken då sola stakk gjennom i 10.30 tida torsdag. Istaden fekk løparane bakvind i 1.omgang som var tung å kjempe med og som ga ujamne forhold. I 2.omgang kom oppdrifta, noko som mellom anna førte til tangering av bakkerekorden. Det starta med at Sverre Rotevatn hoppa 96 meter, og juryen vart då kalla saman. Den siste av hopparane på kvart lag fekk redusert farten med to avsatsar, tilsvarande 1 km/t.

I alt 9 hopparar passerte 90 metersmerket i 2.omgang.

Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/26/96 15:34