Lite plaster, mykje fri
[imagemap]

Nokre plasterbitar og litt sårsalve. Og sjølvsagt handa til Alsgaard. Elles har det så langt vore fredelege NM-dagar for fyrstehjelparane frå Stryn Røde Kors og Heimevernet.

Omlag tredve armbind med raude kors var å sjå på Ullsheim i helga. I dag og i morgon skal dei i sving igjen, både på Ullsheim og i Bjørkelibakken.

- Målsetjinga vår er å ha minst mogeleg å gjere. Men skjer det noko, skal vi kunne ta oss av dei fleste, lovar korpsleiar Per Eilert Ommedal i Stryn Røde Kors.

- Vi har folk med sanitets-bakgrunn på alle postane og i kvar patrulje. For tida har vi godt med folk. Og vert det naudsynt, kan vi setje inn endå fleire ressursar.

Knall og fall høyrer med

I helga var det Alsgaard som fekk den hardaste støyten. Ut over det, hadde fyrstehjelparane ingen alvorlege skader å stri med.

- At folk dett og slær seg, høyrer med på eit skirenn, meiner Ommedal.

Av dei omlag 10.000 tilskodarane som strøymde til arenaen på Ullsheim i helga, var det berre nokre få som var innom det militærgrønne sanitets-teltet.

- Folk er flinke å ta vare på seg sjølv, meiner Ommedal, og er glad for at plaster-budsjettet har halde seg på eit lavmål. Han trur dei gode vèr-tilhøva i helga har vore med på å halde skade-statistikken på tilnærma null-nivå.

Samarbeider

Stryn Røde Kors og sanitetssoldatar frå Heimevernet samarbeider om fyrstehjelps-arbeidet under NM. Dei tilsaman førti frivillige hjelparane har to snøskuterar og to ambulansar til rådvelde. Ein sanitets-leiar sit i hovudkvarteret og leier arbeidet.

- Det har vore mykje organisering og mange telefaksar for å få til mannskapslister og slikt, men no har ting ordna seg, seier Even Inge Nesje. På Ullsheim i helga var han sanitetsleiar, sannsynlegvis den einaste jobben der leiaren gler seg di mindre arbeidarane hans gjer.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/25/96 00:01