Løypene betre sikra
[imagemap]

Løypene på Ullsheim er utstyrte med meir sikringsnett framfor NM-øvingane onsdag - 10 km herrar og 5 km damer, begge i fri teknikk.

Dei første konkurransedagane var det sett opp 100 meter med sikringsnett på dei mest utsette stadene i NM-løypene. Sjølv om det aldri er råd å sikre langrennsløyper fullt ut, kom sikkerheita ein del i fokus på grunn av uhellet og fingerbrotet til Thomas Alsgaard på stafetten søndag.

- No har vi sett opp nye meter med nett på dei mest utsette stadene i løypa. Dermed er vi oppe i vel 200 meter med sikringsnett, fortel løypesjef Per Hatledal.

- Vi har dessutan køyrt på meir snø i fire-fem svingar. Dette for å lage betre dosering og skrensekant, seier løypesjefen. Her har også løypene vorte breiare.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96