Meir støtte til ski-NM
[imagemap]
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har løyvt nye 25 000 kroner i støtte til NM på ski i Stryn. Grunnen til påplussinga er problema og ekstraarbeidet snømangelen har skapt for arrangørane.

Midlane kjem i tillegg til dei 125 000 kronene fylkesutvalet tidlegare har stilt opp med.

Fylkeskommunens informasjonssjef, Knut Henning Grepstad, seier at fylkeskommunen har gått inn med monaleg støtte til arrangementet fordi ein har sett på samanhengen mellom trivselsfylket og denne typen aktivitetar. NM på ski i Stryn vil samstundes gi ei profilering av Sogn og Fjordane, seier Grepstad.

Kjelde:Firda, torsdag 18.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/18/96 19:55