Pål Gunnar tilbake til NM-løypene
[imagemap]

- Eg vann i Markane ein gong. Det måtte vere før jul i 1980. Det var i alle fall første gongen eg slo Oddvar Brå. Sekunda hugsar eg ikkje, men eg vann og det var det viktigaste. Pål Gunnar Mikkelsplass smiler lurt og vil ikkje gje seg utan sverdslag når startskotet smell for NM i Stryn.

Både han og kona Marit, som har skifta namn frå Wold til Mikkelsplass, gledar seg til NM-start. Sjølv om dei har vunne NM før så er det likevel noko spesielt å bli norsk meister.

- Eg er ute av landslaget, men eg satsar for fullt. VM i 1997 er ikkje ute av tankane, seier Pål Gunnar. Han ser NM som eit steg på vegen med tanke på å vise at han framleis kan kjempe i toppen.

- Hadde eg ikkje blitt sjuk ved juletider i fjor, meiner eg at eg kunne kjempa for ein VM-billett, seier han og lovar full satsing vidare.

Satsar gjer også Marit. Ho vart sjuk før jul, men vonar å vere klar igjen til NM. Før ho fekk influensa, fekk ho vist at ho tevlar heilt i verdstoppen, i alle fall i klassisk stil.

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01