Marit Mikkelsplass vart den store NM-dronninga
[imagemap]

30 km kvinner

Med ein gnistrande god 30 km i går sikra Marit Mikkelsplass seg sin tredje gullmedalje i NM-løypene på Ullsheim. Konkurrentane vart rett og slett utklassa. Avstanden bak til Anita Moen Guidon på sølvplass var nærare tre minutt.

Dermed kunne Marit Mikkelsplass reise heim med tre gull, ein sølv og ein bronsemedalje i lomma. Den andre store forgrunnsfiguren på kvinnesida vart Anite Moen Guidon med to gull og ein sølvmedalje.

Frå første stavtak

På 30 kilometeren i morgontimane i går leia Marit frå første stavtak. Og leiinga berre auka og auka. Etter 20 km var ho nesten to minutt føre Anita, og i mål var norgesmeisteren altså nærare tre minutt føre sin argaste konkurrent.

Få deltakarar

Deltakarlista på 3-mila for damer var ikkje særleg lang. 32 starta, og av desse fullførte 29.

Lokale deltakarar fanst ikkje. Men ein halv nordfjording oppnådde iallfall premie med ein fin 10.plass. Åshild Storevik, som representerer Soil-Ski i Nordland, er godt kjend i Ullsheim-løypene frå før. Far hennar er utflytta nordfjording frå Storevik i Holmøyane, og i feriane har det vorte ein god del trening her i distriktet.

Kongen gratulerte

Etter å ha sikra seg sin tredje NM-tittel på Ullsheim vart Marit Mikkelsplass kalla til kongetribuna. Her mottok ho gratulasjonar frå kong Harald.

Den idrettsinteresserte kongen og skidronninga hadde ein triveleg samtale. Marit Mikkelsplass fortalde om løpet sitt, og gav mellom anna uttrykk for at det var glimrande forhold å konkurrere i på Ullsheim.

Kjelde:Fjordingen, måndag 29.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/29/96 21:06