NM-stafett = dramatikk og spenning
[imagemap]

Ekstra publikumsgodbit på Ullsheim: Duellen mellom Fjellhug/Vereide og Markane

Søndag er den store stafettdagen på Ullsheim. Først skal 56 herrelag kjempe om dei beste plasseringane på 3x10 km. Deretter blir det kvinnestafett over 3x5 km med 30 lag på startstreken.

Det skjer alltid dramatiske ting under desse stafettane. Frå Holmenkollen i fjor hugsar vi diskvalifikasjonen av Trude Dybendahl på grunn av feil reklame. Vi får håpe at noko liknande ikkje skjer på Ullsheim.

Derimot ligg det an til rikeleg spenning i løypa. På herrestafetten reknar dei fleste med at Nannestad-trioen Smevold, Moløkken og Dæhlie vil ro det heile i land. Slik klubben har gjort det dei tre siste åra.

Herrestafetten inneheld ein lokal godbit: Duellen mellom Fjellhug/Vereide og Markane. Dei to har kjempa innbitt i mange NM. I fjor drog Markane det lengste strået med sin flotte 16.plass. I år kan det fort vippe den andre vegen. Det store spenningsmomentet er om Per Knut Aaland kan gjenta tidlegare stafett-bravader - no som lagkamerat med Roar og Odd Bjørn Hjelmeset. Då vil Markane-trioen Johnny Seljeset, Nils Heggdal og Per Fridolf Hillestad få nok å bestille.

Om Nannestad har vore suverene i herreklassen dei seinare år, kan det same i endå sterkare grad seiast om kvinnelaget til Kjelsås. Dei står med 8 stafettsigrar på 10 år.

Kjelde:Fjordingen, fredag 19.01.96

Tidlegare vinnarar



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01