Odd Bjørn lokal favoritt
[imagemap]
Odd Bjørn Hjelmeset, Fjellhug/Vereide er kanskje den største lokale favoritten sjølv om Per Fridolf Hillestad står med betre NM-plassering. Både Odd Bjørn som bur berre ein time frå NM-arenaen og sambuaren Bente Martinsen kjenner løypene svært godt. Bente har vunne Fischer Cup tidlegare, og ho har ikkje noko mot ein ny siger.

- Eg likar løypene godt, seier ho og har ikkje bråhast mot toppen. Ho er ung og har tida føre seg, men er utan tvil eit av dei største talenta på jentesida.

- Klart det skulle vore artig å få eit skikkeleg gjennombrot på heimebane, seier Odd Bjørn. Friskusen frå Gloppen har vore lovande nokre år, og er å finne på HV-laget, men har ikkje heilt slege til. Friidrettsresultata fortel at han er rask. Vi veit også at han er best i klassisk. Førebels står han med ein 9.plass på femmila som beste resultat, men det må betrast, seier karen som har vunne "Birken" to gonger. Kanskje kan det bli på den klassiske femmila han kjem for fullt?

Han satsar også på at Fjellhug/Vereide skal tukte Markane i stafetten. Han stiller saman med broren Roar og den gamle storløparen Per Knut Aaland.

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01