OL-helt henta inspirasjon blant konfirmantane
[imagemap]

- Som personleg kristen er det utruleg inspirerande å få kome hit i kveld. Og eg er sikker på at dette vil gje meg 10 sekund betre tid i løypa. Dette sa vossingen Kristen Skjeldal til konfirmantane frå Indre Nordfjord måndag kveld.

Langrennsløparen Kristen Skjeldal kom som ein komet inn i dei norske hjarter i løpet av nokre få hektiske sesongar tidleg på 90-talet. Både sigeren i verdscupen i Lathi i 91, og ikkje minst stafett-gullet i Albertville-OL året etter, har plassert vossingen sentralt i den norske langrenns-sjela.

Og at Skjeldal har "eit godt namn", kom tydeleg til uttrykk under konfirmant-kvelden på Betania. Mange sikra seg autografen til vossingen.

- Dette har vore ei utruleg flott oppleving. Eg har følt meg som heime, og er sikker på at denne kvelden vil gje meg ti sekund betre tid i løypa, understreka Skjeldal.

Prøv kjærleiken

I talen sin til Nordfjord-konfirmantane understreka Skjeldal at hans kristne tru var plattforma for all annan aktivitet i livet.
- Den kristne trua har gjeve alt anna meining, og for meg er trua på Jesus det viktigaste av alt. I idrettsmiljøet er eg 100 prosent akseptert som kristen, understreka langrennsstjerna før han oppfordra konfirmantane til å prøve ut kjærleiken.

- Som 14-15-åringar kan forelsking vere svært viktig. Noko alle bør vere klar over. Kjæl og leik med desse kjenslene og opplev at det kan vere like naturleg å vrake, som å bli vraka. Trass alt er dette livets gang. Og uansett utfall står Jesus i tilfelle klar til å samle opp bitane, understreka Skjeldal i sitt personlege vitnesbyrd til konfirmantane.

-Eg har vore i tvil

- Eg skal ikkje leggje skjul på at eg ofte har tenkt på å kutte ut topp-idretten. Den kan vere både kynisk og kald, og har ikkje alltid vore like enkel å sameine med mitt kristne standpunkt, understreka Kristen Skjeldal overfor Firda i Betania.

Broren til Kristen Skjeldal, Gudmund, valde for eit godt år sidan å hoppe av toppidretts-karusellen, og Kristen understrekar at dette også i periodar har vore hans tankar.

- Men samstundes har eg alltid hatt drivkrafta av konkurranse-instinkt inni meg, heilt frå eg var knøtt-liten. Og etter at eg opererte ryggen, har eg sett meg nye mål for kva eg kan nå innanfor idretten. Men eg vil likevel ikkje leggje skjul på at det fleire gonger har føltest som eit paradoks. Men inntil vidare kjem eg til å halde fram, og så får eg heller sjå om eg vil prioritere litt annleis i framtida, seier Kristen Skjeldal.

Kjelde: Firda, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/22/96 22:34