Sagt om hopprennet
[imagemap]

Hopp normalbakke

Odd Hammernes, leiar av hoppkomiteen i Skiforbundet:

- Det var festleg og artig å kome hit. Det er på slike stader ein må ha norgesmeisterskap. Bygda og fylket har stilt opp. I Oslo hadde kanskje 20 personar møtt til eit NM. Anlegget er utmerkt, sjølv om eg ikkje har hoppa her. Dette tør eg ikkje lenger. Hopping er ikkje rekreasjonssport, seier Hammernes som kom på 2.plass i Holmenkollen i 1975. Han har elles ein 7-plass frå VM i skiflyging (pers.150 meter) og har vore 4 gonger med i hoppveka.

Ola Ødegård, rennleiar:

- Eg er letta over at vi fekk avvikla dette så bra under så jamne forhold. No er det oppryddinga og framtida vi må tenkje på, sa rennleiar Ola Ødegård etter hopprennet.

- Det neste slaget blir finalen i norgescupen for 14-15 åringar 30.mars. Dei som drøymer om lange hopp, får kome att då. Eg trur vi skal greie å mobilisere folk på ny denne laurdagen som er dagen før Holmøyskarrennet. Elles gledeleg at Molland gjorde det så bra. Det kan lyfte hoppsporten i fylket.

Ola Sætren, bakkesjef:

- Arrangementet gjekk etter planen med presis avvikling. Vi har hatt ein flink bakkegjeng som alle og ein har gjort jobben, seier bakkesjef Ola Sætren.

Han gjev denne forklaringa på kvifor bakken har fått slikt positivt omdømme:
- Vi har vore heldige med terrengplasseringa. Midtpartiet ligg i terrenget og nedre del av unnarennet er gravd ned. Dette gjev i dei fleste tilfelle gunstige lufttilhøve for hopparane.

Kjelde:Fjordingen, fredag 02.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/02/96 21:53