Skiguden Ull helsar NM
[imagemap]

Over 1000 på opninga

Opningsseremonien vart gjennomført til punkt og prikke på Per Bolstad Plass i Stryn sentrum i går kveld. Med skodespel, fanfarer og opptog av fjordingar, kunne innpå 1000 tilskodarar sjå skiguden Ull helse ski-NM

Som eit mini-OL, vart opningsseremonien for ski-NM gjennomført på Per Bolstad Plass i Stryn sentrum i går kveld. Og med NM-fanfare, basert på komponisten Per Bolstads kjende verk, Fagre Stryn, var tonen slått an. Når dessutan ti fjordingar med dombjøller og staskledde kuskar inntok Nordfjord si storstove, var assosiasjonen til Lillehammer nærliggjande.

Mange helsingar

Heile opningsseremonien var bunden saman gjennom skodespelet rundt skiguden Ull. Denne norrøne guden er dessutan opphavet til NM-arena Ullsheim sitt namn.

Og som NM-general Inge Fænn understreka i sin opningstale:
Vi trur vi har gudane med oss, sjølv om det har sett mørkt ut i det siste. Og når vi ser båla lyse på toppane, ligg det noko spesielt i det. Det eine arrangørlaget sitt namn, Veten, står att som minne frå den tid dei ville varsle ufred gjennom å kveikje bål på fjelltoppane. Men denne gongen varslar vi kappestrid, og ikkje ufred, understreka NM-generalen.

To meisterskapar

I fleire av helsingstalene vart det dessutan understreka arrangøren sin enorme innsats for å ro meisterskapen i hamn.

- I det siste har vi fått inntrykk av at vi skulle arrangere to meisterskapar. Den eine er vi nettopp ferdige med. Det var å sikre oss nok snø til å arrangere meisterskapen. Men den andre og viktigaste er likevel den vi skal opne i dag, understreka Stryn-ordføraren Oddvin Drageset.

Heroisk innsats

Også ski-president Jan Jensen rosa arrangøren for sin enorme innsats den siste tida.
- Når vi tildelte Stryn meisterskapen skal vi ikkje leggje skjul på at vi hadde store forventningar til arrangørane. Vi veit at dei har lagt ned ein betydeleg innsats i opparbeiding i NM-anlegga. Og ikkje minst er eg imponert over den heroiske innsatsen som har vore lagt ned det siste med å skaffe nok snø. Difor er eg stolt når eg kan erklære NM for opna, kunngjorde Jensen.

Kjelde:Firda, laurdag 20.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/21/96 23:17