Oppreising for lengdemålarane
[imagemap]
Under lagleiarmøtet etter lagkonkurransen tok dommar Kolbjørn Asphaug ordet.
- Det har vore negativ fokusering på lengdemålinga i Bjørkelibakken. Både under trening, prøveomgang og konkurransen har vi fylgt nøye med. Og eg kan seie at det ikkje nokon plass blir målt betre enn her. Det bør alle ta med seg, slik at ikkje det negative som kom til uttrykk sist helg vert hengande i lufta!

Uttalen resulterte i spontan applaus frå landslagstrenar Trond Jøran Pedersen og resten av forsamlinga. Betre oppreising kunne ikkje dei utskjelte lengdemålarane ha fått. Men dette står det sjølvsagt ingenting om i Oslo-avisene...

Kjelde:Fjordingen, fredag 02.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/02/96 22:16