Over 4000 i Bjørkelibakken
[imagemap]
41 bussar med omlag 2000 skuleborn frå store delar av Nordvestlandet fann i går vegen til det spesielle hopprennet i Bjørkelibakken. Det er grunn til å tru at like mange vaksne var til stades, og då er ein oppe i 4000 menneske.

Andre konkurransedag for hopparane skulle bli ein gigantisk publikumssuksess. For første gong denne månaden fekk folk på ny kjenning med snøfnugga ovanfrå. Dette hindra ikkje folk frå å gå mann av huse. Ei rekkje barnehagar i Indre Nordfjord var representerte, og vi var også vitne til planlagde utflukter frå aldersheimar. Her var bål og pølsegrilling, hurrarop og kaffikos. Blakset Hornmusikk stod som før for mykje av underhaldninga, og dei unge dansarane frå Fjelljom Spelemannslag gjorde inntrykk med si oppvisning på sletta mellom omgangane. Også hestetransporten var overraskande for hopparane. Som ein av dei beste sa det: "Her sit vi reint kongeleg". Han hadde meir rett enn han sjølv visste om....

Kjelde:Fjordingen, fredag 02.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/02/96 21:44