Per Fridolf på heimebane
[imagemap]
Per Fridolf Hillestad (27) er frå Hafslo i Sogn, men har vore medlem av Markane IL heilt sidan han var elev ved Stryn vidaregåande og kom inn i langrenns- og skiskyttarmiljøet med Ullsheim som treningsstad.

Det var ein liten sensasjon for mange, at han vart nummer fem på femmila i Holmenkollen under NM i fjor, men for dei som kjenner han var ikkje overraskinga så stor. Hillestad har kjempa lenge for å nå toppen. Han har vore uheldig med skader og sjukdom framfor viktige tevlingar, men 15.plassen på femmila i 1994 fortalde at han var på rett veg. At han klatra 10 plassar i fjor har gjort sitt til at han blir eit interessant namn under NM på heimebane i januar. Han kjenner løypene frå meter til meter etter mange treningstimar, og det er også noko ekstra når tevlinga går i eige fylke. NM gjeld ikkje berre sjølve NM-tevlinga. Det blir også eit prestisjeoppgjer med Odd Bjørn Hjelmeset om kven som er best i fylket.

Per Fridolf går også NM-stafetten saman med Jonny Seljeset og Nils Heggdal. Dei skal forsvare ein 16.plass frå i fjor.

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01