Per Knut Aaland la grunnlaget
[imagemap]

Langrennsporten i Nordfjord kan delast i to tidsperiodar: Før og etter Per Knut Aaland sin 6.plass på 5-mila i Innsbruck-OL '76. Dette skapte enorm interesse i bygder som inntil då hadde vore utan toppidrettsfolk. Dei positive ringverknadane let ikkje vente på seg.

Vinteren etter var talet på lokale langrennsløparar tredobla, og over tusen skientusiastar fekk oppleve norgeseliten i førjulsrenn på Dybevoll i Markane. Som igjen la grunnlaget for utbygginga av NM-anlegget på Ullsheim.

"Milslukaren frå Hardbagg" gav oss mange gledesstunder gjennom si lange karriere. Sjølv om det skulle bli både OL-sølv, NM-tittel og kongepokal, fem 2.plassar i Kollen osv. - står det ein eigen glans av prestasjonen i Innsbruck. Saman med gullvinnar Ivar Formo redda Per Knut den norske skiæra på OL sin siste dag. At ein lokal løpar tok poengplass, var enormt. Jubelen må sjåast i lys av at dette skjedde før Marianne Kjørstad, Frode Grodås, Jostein og Tore Andrè Flo sette Nordfjord på idrettskartet.

- Korleis opplevde du sjølv OL-debuten i Innsbruck, Per Knut?
- Dette var mitt aller første internasjonale løp som senior. Eg fekk delta fordi sterke 5-milsløparar som Oddvar Brå og Magne Myrmo måtte stå over på grunn av sjukdom. Det eg hugsar best frå løpet, var at eg tok igjen gullvinnaren frå 3-mila, Sergeij Saveljev, med eit par minutt.

Før gjennombrotet i Innsbruck måtte Per Knut klare seg på eiga hand. Mykje av tida gjekk med til å trakke løyper heime i Randabygda. Også dette betra seg.
- I Innsbruck spurde Magnar Lundemo om eg ville kjøpe ein brukt snøscooter som han kunne skaffe. Eg takka straks ja og dermed vart det meir effektiv trening, fortel fylket sin beste langrennsløpar gjennom tidene.

OL-sølv i Lake Placid

Det er vanskeleg å rangere prestasjonar. Men OL-sølvet frå stafetten i Lake Placid '80 heng sjølvsagt høgt. Likeeins Kongepokalen på 5-mila i NM-77. Fem 2.plassar frå Holmenkollen er også høgdepunkt frå den aktive karrieren.

Smørje-ekspert

Etter ni år på Lillehammer, flytta Per Knut og familien attende til Nordfjord. I 1990 bygde dei hus i Hornindal. Same haust ringde landslagstrenar Inge Bråthen. Han spurde om Per Knut kunne tenkje seg å delta i smørjeteamet til OL.

- Eg hadde aldri tenkt i dei baner. Men etter to dagars tenketid takka eg ja. Og det har eg aldri angra på, sjølv om det blir mellom 150 og 200 reisedagar i året.

- Korleis er det å jobbe så nært opptil dei norske langrennsstjernene?
- Fantastisk artig. Det er eit utruleg flott miljø, seier den 41 år gamle smørjeeksperten som ser fram til fine NM-dagar i Nordfjord.

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01