- Her er "rekveden" etter Alsgaard
[imagemap]

Odd Bjørn Hjelmeset i fokus etter knall og fall i herrestafetten

- Du får vise fram rekveden , kommanderte pressesjef Rolf Nordberg under pressekonferansen etter den dramatiske herrestafetten på Ullsheim i går. Odd Bjørn Hjelmeset viste deretter fram dei maltrakterte stavane til Thomas Alsgaard som bokstaveleg talt stupte salto ut av NM-løypene under denne meisterskapen.

Thomas Alsgaard og Odd Bjørn Hjelmeset skulle bli dei to sentrale aktørane i går. Etter 7-8 kilometer på opningsetappa, rende Alsgaard inn i glopparen etter ei durabeleg kniving. Den suverene vinnaren av 3-mila laurdag gjorde rundkast, brakk stavane og eine skia og fekk brot i eit bein innanfor den eine veslefingeren.

Dette gjorde at Thomas truleg ikkje er klar for nye konkurransar før om 14 dagar.

- Eg ordna fallet

Odd Bjørn Hjelmeset fortalde sjølv kva som skjedde før det dramatiske fallet, men først presiserte han dette:
- Det var veldig fint å gå, løypene var overraskande bra, likeeins stemninga der mange heia på Fjellhug/Vereide. Han heldt fram:
- Eg ordna fallet for Thomas. Eg hadde kasta meg før Thomas og sat i hockey då han kom på bakskia mine. Eg klarte ikkje å halde meg på beina. Thomas gjorde salto ned i ei steinrøys, og vi tok også med oss tredjemann Sture Sivertsen i fallet. Krister Sørgaard og Tore Bjonviken som kom like bak greidde seg med naudskrik, sa Odd Bjørn. Glopparen stoppa straks opp og tilbaud Thomas hjelp, men vart vinka vidare.

- Alle kunne vore uheldige. Skia skar ut for tidleg. Steinrøysa var der berre der og då, forklarte Odd Bjørn til eit etterkvart pågåande pressekorps.

- Fullt forsvarleg

Teknisk delegert Hermod Bjørkestøl hadde dette å seie:
- Slik vi vurderte det, var løypene fullt ut forsvarlege. Når uhell skjer, så slår ein seg. Også ein annan løpar fekk skrubbsår etter å ha ramla på same stad. Han sa at skia rett og slett vart vekk under han, forklarte Bjørkestøl som også fekk spørsmål om sikringsnett.

- Vi kunne kanskje hatt sikringsnett fleire stader, men dette er eit vanskeleg spørsmål. Staden er no registrert, og det blir køyrt ut matter og halmballar før damestafetten. Nett utgjer sikringa der vi vurderte det som vanskelegast, og det blir også teke ut madrasser, sa Bjørkestøl.

Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/22/96 18:49