Signalkorpset gjer jobben
[imagemap]
HV sitt signalkorps under leiing av Magne Endal gjer jobben sin og vel så det under Norgesmeisterskapen på ski. NM-fanfare, flaggsignal og seinast kongefanfare er kva korpset har varta opp med så langt.

- Det har vel gått nokonlunde bra, og det er litt spesielt for Heimevernet at ein har fått eigne signalkorps. No fekk vi litt kort tid til å samkøyre dette, men dette er folk som gjerne har korpsmusikk som hobby, seier Endal. Signalkorpset er sett saman av fem trompetar og tromme.

Både i dag og i morgon vil dei vere på plass i Bjørkelibakken under laghoppinga og den individuelle konkurransen.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 31.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/31/96 01:35